Om oss

Kontakt oss

Det heile starta då Turid var ferdig uteksaminert tannlege. Då leigde ho ein andel i praksisen til tannlege Bjørg Tafjord Ulfstein som sjølv starta som tannlege i Ulsteinvik i 1952.

I januar 1980 investerte Turid i eige utstyr og starta eigen praksis i kontorfelleskap med Tafjord Ulfstein. Etter at Tafjord Ulfstein gjekk av med pensjon ved årskiftet 1994-1995, kjøpte Turid praksisen og dreiv frå då av praksisen på eiga hand.

Med flotte lokale og med dyktige tilsette, ligg alt til rette for at tradisjonen skal fortsetje i mange år framover. I 2006 fekk ho også godkjenning frå helsedirektoratet for implantprotetikk med økonomisk stønad frå rikstrygdeverket (Helfo).

Vår visjon er å gi deg som pasient ei trygg og god oppleving under ditt besøk hjå oss. Vi held oss derfor oppdatert på moderne teknikkar og tilbyr faglig tyngde gjennom lang erfaring og hyppig kursing.